Logo
Laga-logoen finst i fleire variantar tilpassa ulike bruksområde og bakgrunnar. Han bruker heile fargepaletten, og den farga logoen kan setjast på alle flater i profilen. Den lyse varianten fungerer godt på mørke flater og oppå bilete. Logoen finst både som horisontalt og vertikalt ordmerke, slik at han passar inn i ulike format og flater.
Om bruk av logo
Alle logoar skal gjengivast i si opphavlege form slik dei er oppførte her.
- Det skal ikkje endrast farge på logosymbol eller font/farge på ordmerke
- Logoen skal aldri strekkjast i nokon retning, verken vertikalt eller horisontalt
- Logoen skal alltid skalerast proporsjonalt ut frå dei opphavlege dimensjonane
Hovedlogo (horisontal)
Den horisontale logoen er hovudlogoen og skal som hovudregel brukast, med mindre flata eller området logoen skal stå på blir for smalt. Dette er standardvarianten for nettsider, dokument, presentasjonar og dei fleste flater i profilen.

Vertikal logo
Den vertikale logoen blir brukt på smale eller små flater der den horisontale ikkje passar inn. Typiske bruksområde er runde profilbilete, emblem og trange format — til dømes som eit lite merke på brystet av ein Laga-t-skjorte eller på profilbiletet til Instagram.

Last ned logopakke
Laga-logoen er eit handteikna ordmerke der bokstavane smeltar inn i kvarandre og deler former. Det gir eit levande, organisk uttrykk som fangar sjølve den kreative prosessen — noko som tek form medan ein held på.



Størrelser og avstand
Logoen skal plasserast slik at han kjem tydeleg fram. Logoen skal alltid ha nok luft rundt seg til å sikre eit reint og oversiktleg visuelt bilete.
Mengda luft som svarar til «nok luft» varierer i direkte proporsjon med storleiken på logoen. Eksempla gir ein god indikasjon på kvar ein skal unngå å plassere tekst eller andre element.




Om filformater
Kva filformat treng eg?
Det kan vere forvirrande å vite kva filer som skal brukast til kva. Kort oppsummert:
.svg
SVG skildrar bilete ved hjelp av eit tekstformat basert på XML. Dette er ei skalerbar vektorfil, som vil seie at ho kan skalerast i det uendelege utan å miste kvalitet. Bruk derfor alltid .svg der filformatet blir støtta.
.png
Dette er ei rasterfil med gjennomsiktig bakgrunn. Blir biletet skalert større enn den opphavlege storleiken, blir det pikselert.
.pdf
Dette er trykkfila som er optimalisert for trykk.
