Symbol
Laga sine symbol er eit sett med enkle, geometriske grafiske element inspirert av sting og tekstil. Formene minner om broderisting — kryssting, rette sting og bøygde masker — og fungerer som eit visuelt språk som bind profilen saman.
Hopp til
Last ned symbol
Last ned alle symbola i SVG. Symbola kan brukast i alle fargane til profilen, og speglast og roterast i alle retningar.

Flatemønster
Dei geometriske symbola er ikkje berre einskilde merke – dei er byggjeklossar. Ved å setje dei saman på ulike måtar kan dei danne heildekkande, repeterande mønster som kan brukast som flate bak innhald, på store oppslag eller som dekor. Symbola kan roterast, speglast og setjast tett eller luftig, slik at same elementa gir liv til mange ulike uttrykk – frå roleg og systematisk til leikent og mettande. Mønstera skal alltid følgje profilen sine fargar.






