Kommunikasjon
Kjerneidéen fortel kva Laga er. Kommunikasjonsprinsippa fortel korleis vi seier det — i tekst, tone og tiltale, same kven som skriv.
Alt Laga seier skal gjere lesaren til hovudpersonen og byggje opp under «Med eigne hender». Dei tre prinsippa under er ikkje reglar å pugge, men noko du kan kjenne på når du skriv: er dette rettleiande, inviterande og fagleg? Er svaret ja, høyrest det ut som Laga.
Hovudbodskap
- Med eigne hender — alle kan lage noko sjølv
- Fagleg kvalitet utan portvokting
- Frå å sjå på, til å få det til
Støttebodskap
For nybyrjaren
Den som vil, men ikkje veit korleis han skal byrje.
- Du treng ikkje kunne noko frå før
- Alt du treng kjem til deg — du treng berre å setje i gang
- Feil høyrer til. Dette klarar du
For den som søkjer ro og pusterom
- Eit pusterom frå skjermen, med hendene i noko ekte
- Ta den tida du treng — her er det inga hast
- Noko som sit igjen når kvelden er over
For læraren og kurshaldaren
Formidlaren.
- Ekte teknikkar og fagstoff på god nynorsk
- Ferdig tilrettelagt, klart til å ta i bruk
- Bygd av fagfolk som kan både faget og formidlinga
For det større biletet
- Handverk er eit fag, ikkje eit tidsfordriv
- Det du lagar sjølv blir meir verdt jo meir som blir automatisert
- Norsk handverkstradisjon, teken vare på og gjeven vidare — ut av museet og inn i kvardagen
Personlegdom og stemme
Dei tre prinsippa gir stemma retning. Under kvart ligg nokre konkrete grep og eit eksempel du kan skrive etter.
1. Rettleiande
Vi er den varme stemma ved sida di som seier: dette klarar du. Aldri helten — alltid rettleiaren.
Varm og inkluderande tone
- Bruk «vi» og «du/de» for å skape nærleik
- Anerkjenn at det er skummelt å byrje
- Unngå kommanderande språk
Eksempel: «Det er heilt normalt å vere usikker før du set i gang. Vi tek deg gjennom, steg for steg.»
Ved sida av deg, ikkje over deg
- Aldri portvokting, aldri «for dei som alt kan»
- Møt folk der dei er — også dei som aldri har prøvd
- Senk terskelen i kvar setning
Eksempel: «Har du aldri halde ei broderinål før? Perfekt — då byrjar vi heilt frå start.»
Feil høyrer til
- Normaliser feil som ein del av arbeidet
- Vis prosessen, ikkje berre det ferdige
- Skil feilen frå personen
Eksempel: «Eit skeivt sting er ikkje ein feil — det er beviset på at du har prøvd.»
2. Inviterande
Vi får deg vekk frå skjermen og inn i materialet. Skurken er passiv scrolling — vi finst for å bryte han, og difor peikar vi alltid mot noko du kan gjere.
Handlingsutløysande
- Gi eit tydeleg første steg
- Hald terskelen låg og konkret
- Framhev kva du sit igjen med
Eksempel: «Alt du treng kjem i pakka. Du treng berre å setje deg ned og byrje.»
Inviterande til deltaking
- Bruk spørsmål og dialogskapande formuleringar
- Oppmod til å dele det du lagar
- Skap låg terskel for å bli med
Eksempel: «Kva lagar du i kveld? Vi vil gjerne sjå.»
Alltid ein veg vidare
- Aldri berre inspirasjon utan neste steg
- Peik mot noko du faktisk kan gjere
- Gjer det lett å gå frå lyst til handling
Eksempel: «Likte du dette? Her er kurset som tek deg heile vegen.»
3. Fagleg
Laga har fagleg tyngde — ekte teknikkar, bygd av fagfolk. Men tyngda skal aldri bli portvokting: vi viser at vi kan faget, samtidig som vi held døra open.
Kvalitet utan portvokting
- Vis fagleg tyngde utan å sortere folk ut
- Lov skikkeleg læring, ikkje «lag noko fint på 45 minutt»
- La kvaliteten kjennast trygg, ikkje krevjande
Eksempel: «Du lærer teknikken skikkeleg — i eit tempo som gjer at han faktisk sit.»
God nynorsk og presise fagord
- Skriv korrekt og tydeleg nynorsk
- Bruk dei rette faguttrykka — og forklar dei
- Ver konkret framfor svevande
Eksempel: «Vi startar med kontursting og forsting — dei to du kjem lengst med — før vi tek franske knutar.
Tyngda ligg i kunnskapen
- Fagleg autoritet kjem frå fagfolk og tradisjon, ikkje frå studioproduksjon
- Vis handverket, ikkje glansen
- (Sjå «Om merkevaren» for bakgrunnen: Laga og Det Norske Samlaget)
Eksempel: «Kurset er laga av nokon som har halde på med dette i tjue år — og som veit korleis det skal forklarast.»
Les gjerne artikkelen «Hvordan skrive tekst for nett» for meir om godt nettspråk.
