E-postsignatur
Alle som jobbar i Laga brukar same signatur: logo, namn, tittel, telefon og laga.no. Signaturen ligg i Sanity Studio, bak innlogging, fordi ho inneheld telefonnummer.
Slik finn du signaturen din
- Logg inn i Sanity Studio.
- Vel Personer i menyen og opne namnet ditt.
- Vel fana E-postsignatur.
- Trykk Kopier signatur og lim inn i e-postprogrammet ditt. Der finn du òg lenker til rettleiingar for Gmail, Outlook og Apple Mail.
Endre eller legge til
Namn, tittel og telefon blir henta frå personen din i Studio. Endrar du noko der, er signaturen oppdatert neste gong du kopierer henne. Finn du ikkje namnet ditt, lag ein ny person under Personer og vel rolla Ansatt/kontaktperson.
